top of page

Smelteverket, Odda, Norge

Det fyrste smelteverket i Odda blei bygd frå 1906, då det britiske The Sun Gas Company anla kraftverk og fabrikk. Då arbeidet var ferdig og produksjonen tok til i 1908 var dette verdas største karbidfabrikk. Selskapet hadde då skifta namn til The Alby United Carbide Factories Ltd. The North Western Cyanamide Company, eit anna britisk selskap, starta i 1909 opp produksjon av kalsiumcyanamid på det same fabrikkområdet. Grunnlaget for industriutbygginga var billeg elektrisitet frå vasskraft. Tysso I vasskraftverk i Tyssedal vart bygd ut i takt med smelteverket. 
Den verdsfemnande økonomiske depresjonen i 1920-åra førte til konkurs for fabrikkane, som stengde våren 1921 og gjorde tusen menneske arbeidslause. Drifta starta opp igjen i 1924 då Odda Smelteverk AS vart grunnlagt av kraftselskapet Tyssefaldene og Hafslund/Meraker-gruppa. British Oxygen Company (BOC) kjøpte i 1937 alle aksjane i Odda Smelteverk. BOC-konsernet var eit stort internasjonalt konsern, og sikra Odda betre sal og utvikling. Oddaprosessen vart utvikla ved smelteverket, ein prosess innan kunstgjødselproduksjon.
Fabrikken blei modernisert på 1950- og 1970-talet, men stod likevel for utslepp av miljøgifter, som kalk, nitrogen og tungmetall, i Sørfjorden. /Wikipedia/

bottom of page